Helsedirektoratet gir tilskot til ein sjukeheim og ei heimeteneste i kvart fylke for å vere pådrivarar for kunnskap og kvalitet innan pleie- og omsorgstenestene. Som vertskommune har Førde kommune påtatt seg eit ekstra ansvar i arbeidet med å sikre kontinuerleg merksemd på forbetring og utvikling i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene i Sogn og Fjordane.
Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane skal
-
arbeide for implementering av nasjonale føringar, og vere pådrivar for kunnskap og kvalitet innanfor kommunale helse- og omsorgstenester
-
understøtte lokale initiativ til kvalitetsforbetring, og ta initiativ til interkommunalt samarbeid om erfaringsdeling og fag-, kompetanse- og tenesteutviklingstiltak.
Denne nettsida er meint som ei ressursside for alle som arbeider innan pleie- og omsorgstenestene i fylket. Her vil du finne informasjon om arbeidet ved utviklingssenteret